Heim

 

Følg oss gjerne på Facebook:)

 

Voss Hundeklubb

 

Voss Hundeklubb vart starta i 1978. Og utover 80-talet var det stor aktivitet - spesielt innan hundekøyring. Men etter 1985 dabba aktiviteten av, og klubben vart lagt på is i nesten 10 år. Først i 1995 starta klubben opp att - og lenge heldt medlemstalet seg stabilt på mellom 70-100 medlemmar. Klubben var liten, men aktiv, og fleire av medlemmane hevda seg godt i konkurransar. Men dei fleste medlemmane nytta hundane sine som turkameratar og familiemedlemmar.

 

Pr i dag har Voss Hundeklubb lagt kraftig på seg - både med omsyn til aktivitetar og medlemstal. I år er talet på medlemmar 200, og imponerande mange av desse trenar lydnad, agility, bruks og jakt på jamn basis. I tillegg driv fleire med utstilling og avl.

 

Kursverksemda er også stor, klubben arrangerer alle typer kurs for hundeeigarar på alle nivå.

Voss Hundeklubb har også arrangert mange stevner siste åra. Så langt har klubben stått for offisielle stevner i både agility, lydnad, spor, rundering og blodspor, MH og karaktertest. Klubben sine største arrangement er nok NM for brukshunder i 2009 og Nordisk Meisterskap for brukshunder i 2012.

Voss Hundeklubb er til for alle hundeeigarar - same kva aktivitet ein ynskjer å driva med hunden sin. Mellom anna er det etablert eit godt samarbeid mellom brukshundmiljøet og redningshundmiljøet i bygda - noko som kom i stand gjennom klubben.

Voss Hundeklubb samarbeider elles med Norsk Kennel Klub, og alle våre medlemmar har såleis rett til å delta på utstillingar og prøvar der NKK står som arrangør til reduserte prisar. Alle medlemmar får også prisreduksjon på kurs klubben skipar til.

Voss hundeklubb sine Lovar finn du her.

 

Kontaktinfo:

 

Voss Hundeklubb

v/Hilde Gunn Stenseth

Nedre Mølster 23

5705 Voss

E-post: leiar@vosshundeklubb.no

 

Treningstider !

 

Mandagstrening/Kvardagslydigheit

- Mandagstreninga er no på Tvildemoen kl18-19.-Frå kl 19 og utover er det eigentrening

 

Agility

-

 

Konkurranselydigheit/Rallylydigheit

- LP trening/Rally på torsdagar frå kl 17 og utover

 

Bruks

Rundering

- Laurdag kl.09.30 på Istadmyrane.

Kontakt Siv på tlf. 97192603 for å få innkalling til trening. Dette er for å sikre at det er nok folk til å gjennomføre runderingstrening.

Eigentrening

-Onsdag kl 18:00 på Istadmyrane. Moment, spor, felt, eventuellt rundering. Ingen innkalling. Treng du å sikre deg treningspartnerar ta kontakt med dei du ynskjer sjølv per tlf eller via FB: "Voss Hundeklubb"

 

SISTE NYTT:

 

27/07-18:

Nytt om kvalpekurs. Sjå under fana KURS

 

25/02 - Oppfordrer alle medlemmer i Voss huneklubb om å gå inn på Min Side på NKK og registrere e-postadressa si der. Mange av dere har allerede lagt inn e-postadresse. Noen har feil/gammel e-postadresse der. Ved masseutsendelser, som f.eks innkalling til årsmøte, vil klubben spare minst 4000 - 5000 kroner dersom alt kan sendes ut med e-post.

 

 

 

 

 

04/04 - Introduksjonskurs i Agility! To kvelder, 18.+25.april. Se mer under agility