Bruks

 

Kva er brukshundsport?

 

Brukshundsporten er ei grein innan hundesporten som inkluderer ulike søksmetodar på menneske og gjenstandar, samt apell (banelydigheit).

 

Dei ulike metodane for søk er rundering, spor og feltsøk.

 

Rundering: ei systematisk gjennomsøking av eit terreng, der hunden leitar etter og finn figurantar (personar), som hunden melder tilbake til føraren om at den har funne.

 

Spor: la hunden følgje eit menneskespor som er gått ut på eit tidlegare tidspunkt. Hunden følgjer sporet til endes og markerer gjenstandar (pinnar) som er lagt ut i sporet.

 

 

Felt: hunden søker gjennom eit område på 20x50 meter eller 50x50 meter. Gjenstandar som er lagt ut tek han med seg og avleverer til føraren.

 

 

Rundering, spor og felt er morosame og utviklande øvingar for hund og førar. Hundane får brukt sansane sine, og blir trygge og sjølvstendige. Lydnadsøvingane gjer at hunden må konsentrere seg om føraren og jobbe fokusert gjennom fleire øvingar.

Bruksgruppa i Voss Hundeklubb arrangerer tre stevner i året, to om våren og eit om hausten. Me arrangerer også kurs.

 

For meir informasjon om brukshund, og brukshundsport samt resultatlister finn du på Norsk Brukshundsports Forbind sine heimesider.

���

 

 

 

Zheeba melder om funn på rundering. Foto: Siv Jøssang Shileds

 

Treningstider:

 

Rundering laurdag kl. 09.30. Oftast på Istadmyrane, men terrenget kan variere litt. Ring Siv på 97 19 26 03 eller Gunnvor på 950 25 537 for meir info og for å sette deg på treningslista.

 

Treninga varar til alle ekvipasjane er ferdige - alle hjelper alle. Er me mange deler me oss ofte i to grupper slik at treninga ikkje tek fullt så mange timar. Ta med mat og drikke, noko og sitte på samt belønning til hunden. :)

 

 

Velkomen på trening!

 

Brukskomiteen ved

Siv Jøssang Shields og Gunnvor Rogne Nilsen

 

 

Stevner i 2017:

10.05.17 Brukstevne Spor kl C og D, Rundering kl C og D. Kveldsstevne. Påmeldingsfrist 10.04.17

Dommar: Audun Gudbrandstuen

 

27-28.05.17 Brukstevne spor og rundering kl A, B, C og D. Påmeldingsfrist 27.04.17

Dommarar: Audun Gudbrandstuen for sporstevnet og for kl A rundering og i tillegg Ingar Oliversen på runderingsstevnet for kl B, C og D.

 

09-10.09.17 Brukstevne spor og rundering kl A, B, C og D. Påmeldingsfrist 09.08.17

Dommarar: Alf Skaar

 

Ved påmelding får du raskt bekrefta om påmelding er motteken. Ei stund etter påmeldingsfrista er gått ut, seinast ei veke før stevnestart får du svar på om du er komen med på stevnet eller ei. Når du har fått den siste bekreftelsen kan du betale stevneavgift.

 

Stevneavgift kan du sette inn på kontonr. 3480.16.37398. Ta med kvitteringa til start.

 

Hugs å kjøpe startkort på NBF sine sider.

 

Terminlister finn du på Norsk Kennelklubb sine heimesider.

 

 

Treningstider !

 

Mandagstrening/Kvardagslydigheit

- Mandagstreninga er no ridehallen Voss vidaregåande skule kl 19 - 20.-Frå kl 20 og utover er det LP/Rally og Agility annankvar mandag.

 

Agility

-

 

Konkurranselydigheit/Rallylydigheit

- LP trening/Rally på torsdagar frå kl 17 og utover

 

Bruks

Rundering

- Laurdag kl.09.30 på Istadmyrane.

Kontakt Siv på tlf. 97192603 for å få innkalling til trening. Dette er for å sikre at det er nok folk til å gjennomføre runderingstrening.

Eigentrening

-Onsdag kl 18:00 på Istadmyrane. Moment, spor, felt, eventuellt rundering. Ingen innkalling. Treng du å sikre deg treningspartnerar ta kontakt med dei du ynskjer sjølv per tlf eller via FB: "Voss Hundeklubb"

 

SISTE NYTT:

 

21/10 - NB! Mandagstreningar flytter no inn i ridehallen. Treningstid kl 19-20.

Frå kl 20 og utover er det konkurransetrening med LP/Rally og Agility annankvar mandag. Me starter med LP/Rally.

 

25/02 - Oppfordrer alle medlemmer i Voss huneklubb om å gå inn på Min Side på NKK og registrere e-postadressa si der. Mange av dere har allerede lagt inn e-postadresse. Noen har feil/gammel e-postadresse der. Ved masseutsendelser, som f.eks innkalling til årsmøte, vil klubben spare minst 4000 - 5000 kroner dersom alt kan sendes ut med e-post.