Lydigheit/Rallylydigheit

https://sp.yimg.com/ib/th?id=HN.608044374561917749&pid=15.1&P=0

VELKOMMEN I LYDIGHEITSGRUPPA

 

Klubben har fast trening i konkurranselydigheit/rallylydigheit annankvar mandag frå 20-21. Alle som trenar for konkurranse er hjarteleg velkomne.

 

Kva er lydigheit?

 

Lydigheit er ei grein der ein utfører faste øvingar og det blir bedømt om ein har klart å gjera dei riktig.

 

Alle hundane gjer dei same øvingane og så vurderer ein korleis dei blei framført. I lydigheitsringen ser ein hundar av nesten alle rasar og førarar i alle aldrar.

 

Dei har alle ein ting felles; gleda av å arbeida og samarbeida med hunden sin.

 

Sjølv om ikkje alle når like langt, kan alle koma fram til et brukbart resultat berre innsatsviljen og pågangsmotet er i orden.

 

Det blir arrangert eit stort antal lydigheitsprøvar rundt om i landet. Ein konkurrerer i 4 klassar med stigande vanskegrad.

 

Alle slags hundar over 9 månader kan delta på lydigheitsprøvar, også blandingshundar.

 

Dei einaste som er utelukka er tisper med løpetid. Mange klubbar, både raseklubbar og lokale klubbar har eigne kurs i lydigheit.

 

Regelverket for lydigheitsprøvar, finn du her:

 

I klubben blir det arrangert lydigheitsstemne og lydigheitskurs kvart år!

 

Lurer du på noko er det berre å ta kontakt med oss på e-post: lp@vosshundeklubb.no!

 

 

 

 

 

.

 

 

 

 

 

Treningstider !

 

Mandagstrening/Kvardagslydigheit

- Mandagstreninga er no på Tvildemoen kl18-19.-Frå kl 19 og utover er det eigentrening

 

Agility

-

 

Konkurranselydigheit/Rallylydigheit

- LP trening/Rally på torsdagar frå kl 17 og utover

 

Bruks

Rundering

- Laurdag kl.09.30 på Istadmyrane.

Kontakt Siv på tlf. 97192603 for å få innkalling til trening. Dette er for å sikre at det er nok folk til å gjennomføre runderingstrening.

Eigentrening

-Onsdag kl 18:00 på Istadmyrane. Moment, spor, felt, eventuellt rundering. Ingen innkalling. Treng du å sikre deg treningspartnerar ta kontakt med dei du ynskjer sjølv per tlf eller via FB: "Voss Hundeklubb"

 

SISTE NYTT:

 

04/04-18:

Me flyttar no treningane ut igjen på Tvildemoen.

 

05/01-18:

Oppdatering Oversyn over mandagstreningar

 

06/10 - 16 oktober flytter me treninga inn i ridehallen. NB! treninga startar då kl 19.

 

25/02 - Oppfordrer alle medlemmer i Voss huneklubb om å gå inn på Min Side på NKK og registrere e-postadressa si der. Mange av dere har allerede lagt inn e-postadresse. Noen har feil/gammel e-postadresse der. Ved masseutsendelser, som f.eks innkalling til årsmøte, vil klubben spare minst 4000 - 5000 kroner dersom alt kan sendes ut med e-post.