Oversyn over mandagstreningar

 

MANDAGSTRENING 2018

 

VELKOMMEN TIL MANDAGSTRENING!

 

HUNDEKLUBBEN HAR TRENING KVAR MANDAG MED UNNTAK AV PÅ

HELGEDAGAR OG I FERIAR.

 

TRENINGSTIDER:

19.00-21.00 I VINTERHALVÅRET I RIDEHALLEN PÅ VOSS JORDBRUKSSKULE

. 18.00-20.00 I SOMMAR HALVÅRET PÅ TVILDEMOEN.

Første timen er i første rekkje via sosialisering og miljøtrening, andre timen konkurransetrening.

NYE OG GAMLE MEDLEMMER I KLUBBEN ER HJARTELEG VELKOMNE ANTEN

DEI BERRE VIL MILJØTRENA ELLER SOSIALISERA HUNDEN SIN, ELLER DEI VIL

TRENA LYDIGHEIT.

 

KVAR MANDAG VIL DET VERA EIN ANSVARLEG TIL STADES FØRSTE TIMEN FOR Å

HJELPA DEG I TRENINGA OM DU ØNSKJER DET. ENKELTE GONGAR LEGG

ANSVARLEG OPP TIL EI KORT ØKT MED "DAGENS TEMA" FOR DEI SOM VIL VERA

MED.

 

KØYREREGLAR FOR MANDAGSTRENINGANE:

 

•LUFT hunden godt før trening og før du går inn på banen. Den skal helst ikkje gjere frå seg der inne.

•Plukk alltid opp skit etter hunden din, OG ta med deg posen heim. Det er ingen andre som har ansvar for å ta med seg hundeposane.

•Ingen hundar skal helse på kvarandre i band inne på det inngjerda området.

•Viderekomne, altså de som har trent/trenar aktivt, vil ikkje få hjelp om det er flere nye på trening, unghundar eller personer med krevjande hundar. De som er viderekomne må hjelpe kvarandre og organisere treninga frå kl 19 sjølve.

•Ta omsyn til andre som trener.

•Bruker du utstyr frå containeren, rydd etter deg.

•Hundane skal vera i band til og frå bilen og mellom treningsøktene.

•Dersom de ynskjer at hundar skal helsa på kvarandre lause gjer de det på eige ansvar etter kl 20 eller når ALLE andre er ferdige å trene.

08/01: May-Britt - møtesituasjonar

15/01: Hilde Gunn - innkalling

22/01: Kristine - passeringstrening

29/01: Anne Kirsti - utstillingstrening

05/02: Rønnaug - korleis belønne og med kva, tips til trening

12/02: Siv - gå fint i band

19/02: May-Britt

26/02: Hilde Gunn - Alternative måtar å trena innkalling på, Positiv innlæring av

"forbudsord"/eller snu

05/03: Kristine

12/03: Mona

19/03: Rønnaug

26/03 og 02/04: PÅSKEFERIE

 

 

 

 

 

Treningstider !

 

Mandagstrening/Kvardagslydigheit

- Mandagstreninga er no i ridehallen og startar kl 19 og varer til kl 20.

- Frå kl 20 og utover vert det lp-trening og ag-trening annan kvar gong, med lp i partalsveker og ag i oddetalsveker.

 

Agility

- Agilitytreninga foregår no i ridehallen kvar mandag i oddetalsveker kl 20-21

 

Konkurranselydigheit/Rallylydigheit

- LP trening i ridehallen mandager i partalsveker frå kl 20-21

 

Bruks

Rundering

- Laurdag kl.09.30 på Istadmyrane.

Kontakt Siv på tlf. 97192603 for å få innkalling til trening. Dette er for å sikre at det er nok folk til å gjennomføre runderingstrening.

Eigentrening

-Onsdag kl 18:00 på Istadmyrane. Moment, spor, felt, eventuellt rundering. Ingen innkalling. Treng du å sikre deg treningspartnerar ta kontakt med dei du ynskjer sjølv per tlf eller via FB: "Voss Hundeklubb"

 

SISTE NYTT:

20/02-18

Innkalling til årsmøte 13. mars 2018. Me møtast på Peppes pizza kl 19.

Innkalling med saksliste finn du her.

Rekneskap og budsjett finn du her.

Obligatorisk lovmal finn du her.

 

31/01-18

Nytt under STEMNE. Oppdatert med info om Rallystevne og MH-test

 

 

05/01-18:

Oppdatering Oversyn over mandagstreningar

 

06/10 - 16 oktober flytter me treninga inn i ridehallen. NB! treninga startar då kl 19.

 

25/02 - Oppfordrer alle medlemmer i Voss huneklubb om å gå inn på Min Side på NKK og registrere e-postadressa si der. Mange av dere har allerede lagt inn e-postadresse. Noen har feil/gammel e-postadresse der. Ved masseutsendelser, som f.eks innkalling til årsmøte, vil klubben spare minst 4000 - 5000 kroner dersom alt kan sendes ut med e-post.