Bruks


Kva er brukshundsport?


Brukshundsporten er ei grein innan hundesporten som inkluderer ulike  søksmetodar på menneske og gjenstandar, samt apell (banelydigheit).


Dei ulike metodane for søk er rundering, spor og feltsøk.


Rundering: ei systematisk gjennomsøking av eit terreng, der hunden leitar etter og finn figurantar (personar), som hunden melder tilbake til føraren om at den har funne.


Spor: la hunden følgje eit menneskespor som er gått ut på eit tidlegare tidspunkt. Hunden følgjer sporet til endes og markerer gjenstandar (pinnar) som er lagt ut i sporet.



Felt: hunden søker gjennom eit område på 20x50 meter eller 50x50 meter. Gjenstandar som er lagt ut tek han med seg og avleverer til føraren.



 

Rundering, spor og felt er morosame og utviklande øvingar for hund og førar. Hundane får brukt sansane sine, og blir trygge og sjølvstendige. Lydnadsøvingane gjer at hunden må konsentrere seg om føraren og jobbe fokusert gjennom fleire øvingar.

 

Bruksgruppa i Voss Hundeklubb arrangerer tre stevner i året, to om våren og eit om hausten. Me arrangerer også kurs.


For meir informasjon om brukshund, og brukshundsport samt resultatlister finn du på Norsk Brukshundsports Forbind sine heimesider.

���




Zheeba melder om funn på rundering. Foto: Siv Jøssang Shileds

 


Treningstider:


Rundering laurdag kl. 09.30. Oftast på Istadmyrane, men terrenget kan variere litt. Ring Siv på 97 19 26 03 eller Gunnvor på 950 25 537 for meir info og for å sette deg på treningslista.


Treninga varar til alle ekvipasjane er ferdige - alle hjelper alle. Er me mange deler me oss ofte i to grupper slik at treninga ikkje tek fullt så mange timar. Ta med mat og drikke, noko og sitte på samt belønning til hunden. :)



Velkomen på trening!


Brukskomiteen ved

Siv Jøssang Shields og Gunnvor Rogne Nilsen



Stevner i 2017:

 

10.05.17 Brukstevne Spor kl C og D, Rundering kl C og D. Kveldsstevne. Påmeldingsfrist 10.04.17

Dommar: Audun Gudbrandstuen


27-28.05.17 Brukstevne spor og rundering kl A, B, C og D. Påmeldingsfrist 27.04.17

Dommarar: Audun Gudbrandstuen for sporstevnet og for kl A rundering og i tillegg Ingar Oliversen på runderingsstevnet for kl B, C og D.


09-10.09.17 Brukstevne spor og rundering kl A, B, C og D. Påmeldingsfrist 09.08.17

Dommarar: Alf Skaar


Ved påmelding får du raskt bekrefta om påmelding er motteken. Ei stund etter påmeldingsfrista er gått ut, seinast ei veke før stevnestart får du svar på om du er komen med på stevnet eller ei. Når du har fått den siste bekreftelsen kan du betale stevneavgift.


Stevneavgift kan du sette inn på kontonr. 3480.16.37398. Ta med kvitteringa til start.


Hugs å kjøpe startkort på NBF sine sider.


Terminlister finn du på Norsk Kennelklubb sine heimesider.




Treningstider !


Mandagstrening/Kvardagslydigheit 

 -  Mandagstreninga flyttar no inn i ridehallen ved Voss vidaregåande skule. Første mandag inne vert 14. oktober. MERK at treningane i ridehallen går frå kl 1900 til kl 2000.


Agility



Konkurranselydigheit/Rallylydigheit

Torsdagar på Tvildemoen frå 17-18 tida og utover. Alle må planlegge eigen trening. Me hjelper kvarandre.


Bruks

Rundering

- Laurdag kl.09.30 på Istadmyrane.

Kontakt Siv på tlf. 97192603 for å få innkalling til trening. Dette er for å sikre at det er nok folk til å gjennomføre runderingstrening.

Eigentrening

-Onsdag kl 18:00 på Istadmyrane. Moment, spor, felt, eventuellt rundering. Ingen innkalling. Treng du å sikre deg treningspartnerar ta kontakt med dei du ynskjer sjølv per tlf eller via FB: "Voss Hundeklubb"

 

SISTE NYTT:


2020


15/01

ÅRSMØTE 2020 vert 18. mars.


Framlegg til saker må vera styret i hende seinast 19. februar. Desse skal sendast til leiar@vosshundeklubb.no


Framlegg til kandidatar på val må vera valnemnda i hende seninast 19. februar. Desse skal sendast til mayko_888@hotmail.com


14/01

Nytt kvalpekurs med oppstart 25. mars. Info om påmelding m.m. finn de under fana KURS



2019

08/10 - Frå og med mandag 14. oktober flyttar me mandagstreningane inn i ridehallen ved Voss vidaregåande skule (jordbruksskulen). Treningane går då frå kl 19 til kl 20. Info om ansvarlege og eventuelle tema vil det koma ovserikt over under fana "Oversyn over mandagstreningane".

Frå kl 20 og utover vert det konkurranseretta trening. Første mandag vert det lp/rally/brukslydnad


25/02 - Oppfordrer alle medlemmer i Voss huneklubb om å gå inn på Min Side på NKK og registrere e-postadressa si der. Mange av dere har allerede lagt inn e-postadresse. Noen har feil/gammel e-postadresse der. Ved masseutsendelser, som f.eks innkalling til årsmøte, vil klubben spare minst 4000 - 5000 kroner dersom alt kan sendes ut med e-post.