Lydigheit/Rallylydigheit


    VELKOMMEN I LYDIGHEITSGRUPPA

 


Klubben har fast trening i konkurranselydigheit/rallylydigheit annankvar mandag frå 20-21. Alle som trenar for konkurranse er hjarteleg velkomne. 


Kva er lydigheit?


Lydigheit er ei grein der ein utfører faste øvingar og det blir bedømt om ein har klart å gjera dei riktig.


Alle hundane gjer dei same øvingane og så vurderer ein korleis dei blei framført. I lydigheitsringen ser ein hundar av nesten alle rasar og førarar i alle aldrar.


Dei har alle ein ting felles; gleda av å arbeida og samarbeida med hunden sin.


Sjølv om ikkje alle når like langt, kan alle koma fram til et brukbart resultat berre innsatsviljen og pågangsmotet er i orden.


Det blir arrangert eit stort antal lydigheitsprøvar rundt om i landet. Ein konkurrerer i 4 klassar med stigande vanskegrad.


Alle slags hundar over 9 månader kan delta på lydigheitsprøvar, også blandingshundar.


Dei einaste som er utelukka er tisper med løpetid. Mange klubbar, både raseklubbar og lokale klubbar har eigne kurs i lydigheit.


Regelverket for lydigheitsprøvar, finn du her:


I klubben blir det arrangert lydigheitsstemne og lydigheitskurs kvart år!


Lurer du på noko er det berre å ta kontakt med oss på e-post: lp@vosshundeklubb.no!






.



 

 




Treningstider !


Mandagstrening/Kvardagslydigheit 

 -  Mandagstreninga er no på Tvildemoen kl 18 - 19.-Frå kl 19 og utover er det eigentrening.


Agility



Konkurranselydigheit/Rallylydigheit

Torsdagar på Tvildemoen frå 17-18 tida og utover. Alle må planlegge eigen trening. Me hjelper kvarandre.


Bruks

Rundering

- Laurdag kl.09.30 på Istadmyrane.

Kontakt Siv på tlf. 97192603 for å få innkalling til trening. Dette er for å sikre at det er nok folk til å gjennomføre runderingstrening.

Eigentrening

-Onsdag kl 18:00 på Istadmyrane. Moment, spor, felt, eventuellt rundering. Ingen innkalling. Treng du å sikre deg treningspartnerar ta kontakt med dei du ynskjer sjølv per tlf eller via FB: "Voss Hundeklubb"

 

SISTE NYTT:


06/09 - ALL ORGANISERT TRENING OG KURS I REGI AV KLUBBEN VERT AVLYST INNTIL VIDARE GRUNNA ALVORLEG SJUKDOM PÅ HUNDAR OVER STORE DELAR AV LANDET - FØRE VAR-PRINSIPPET FOR Å REDUSERA FARE FOR SMITTE


28/08- Nytt kvalpekurs med oppstart rundt 10. september. Sjå info under fana KURS


13/08 - Mandagstreningane startar opp att 19. august. Info om ansvarlege og eventuelle tema vil det koma ovserikt over under fana "Oversyn over mandagstreningane"


 

25/02 - Oppfordrer alle medlemmer i Voss huneklubb om å gå inn på Min Side på NKK og registrere e-postadressa si der. Mange av dere har allerede lagt inn e-postadresse. Noen har feil/gammel e-postadresse der. Ved masseutsendelser, som f.eks innkalling til årsmøte, vil klubben spare minst 4000 - 5000 kroner dersom alt kan sendes ut med e-post.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

https://sp.yimg.com/ib/th?id=HN.608044374561917749&pid=15.1&P=0