Om klubben

Kontaktinfo
Voss Hundeklubb
v/Siv Jøssang Shields
Postboks 546
5703 Voss
E-post: leiar@vosshundeklubb.no

Litt historie

Voss Hundeklubb vart starta i 1978. Og utover 80-talet var det stor aktivitet – spesielt innan hundekøyring. Men etter 1985 dabba aktiviteten av, og klubben vart lagt på is i nesten 10 år. Først i 1995 starta klubben opp att – og lenge heldt medlemstalet seg stabilt på mellom 70-100 medlemmar. Klubben var liten, men aktiv, og fleire av medlemmane hevda seg godt i konkurransar. Men dei fleste medlemmane nytta hundane sine som turkameratar og familiemedlemmar.

Klubben i dag

Per i dag har Voss Hundeklubb lagt kraftig på seg – både med omsyn til aktivitetar og medlemstal. I år er talet på medlemmar 200, og imponerande mange av desse trenar lydnad, agility, bruks og jakt på jamn basis. I tillegg driv fleire med utstilling og avl.

Kursverksemda er også stor, klubben arrangerer alle typer kurs for hundeeigarar på alle nivå.

Voss Hundeklubb har også arrangert mange stevner siste åra. Så langt har klubben stått for offisielle stevner i både agility, lydnad, spor, rundering og blodspor, MH og karaktertest. Klubben sine største arrangement er nok NM for brukshunder i 2009 og 2019 og Nordisk Meisterskap for brukshunder i 2012.

Voss Hundeklubb er til for alle hundeeigarar – same kva aktivitet ein ynskjer å driva med hunden sin. Mellom anna er det etablert eit godt samarbeid mellom brukshundmiljøet og redningshundmiljøet i bygda – noko som kom i stand gjennom klubben.

Voss Hundeklubb samarbeider elles med Norsk Kennel Klub, og alle våre medlemmar har såleis rett til å delta på utstillingar og prøvar der NKK står som arrangør til reduserte prisar. Alle medlemmar får også prisreduksjon på kurs klubben skipar til.